§ 10. Krav til sikring av lagringsmedium for arkiv

Lagringsmedium for arkiv skal oppbevarast slik at dei alltid er verna mot

  1. vatn og fukt
  2. brann, spreiing av brann og skadeleg varme
  3. skadeleg klima- og miljøpåverknad som mugg, skadedyr og liknande
  4. skadeverk, innbrot og ikkje-autorisert tilgang.

For analoge arkiv som skal takast vare på for ettertida, gjeld i tillegg desse krava:

  1. Lysnivå, temperaturar og verdiar for luftfukt i lokalet skal vere såleis tilpassa at lagringsmedium og dokumentasjon held seg best mogleg.
  2. Lokalet skal ikkje ha vindauge dersom det kan setje tryggleiken til arkiva i fare.
  3. Lokalet skal vere særleg utrusta for å hindre at brann oppstår og spreier seg der inne, og for å hindre at brann på utsida spreier seg til lokalet.
  4. Arkiva skal plasserast på reolar, minimum 10 cm frå golv og yttervegg.
  5. Golv og reolar skal vere laga for å tole vekta av arkiva.
  6. Lokalet skal ha fast tilsyn og reinhald.

Det skal setjast i verk tiltak med det same dersom det oppstår risiko for at arkiv kan bli skadde. Oppståtte skadar på arkiv skal utbetrast så langt det er mogleg.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-17-2647
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01