Nasjonalarkivet fastset når statlege organ skal avlevere arkiva sine.
Når eit organ skal avlevere, skal det inngå ei avtale med Nasjonalarkivet. I avtala skal det gå fram
kva slags dokumentasjon som skal avleverast
kor mykje dokumentasjon som skal avleverast
kva informasjonssystem dokumentasjonen er lagra i
om dokumentasjonen skal avleverast analogt eller digitalt
kva filformat datafiler skal ha
når dokumentasjonen skal avleverast
om det er inngått avtale om utsett overføring av råderetten over arkivet etter § 22, og kva som er avtalt.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.