§ 23. Kva opplysningar som skal følgje arkiv ved avleveringa
Statlege organ skal gi dei opplysningane som trengst for at Nasjonalarkivet skal kunne ta imot, ta vare på, tolke og leggje til rette for bruk av dokumentasjonen som er avlevert.
Nasjonalarkivet kan krevje å få opplysningar om
- opphavet til dokumentasjonen
- kva samanheng dokumentasjonen blei til i og var ein del av
- kva slags informasjon dokumentasjonen inneheld
- kva tidsperiode dokumentasjonen omfattar
- korleis dokumentasjon er strukturert
- kva format dokumentasjonen har
- noko av dokumentasjonen er kassert før avlevering, markert som sletta med heimel i lov, og elles er ufullstendig
- noko av dokumentasjonen inneheld personopplysningar eller særlege kategoriar av personopplysningar
- reglar om teieplikt og informasjonstryggleik for dei ulike delane av dokumentasjonen
- informasjonssystemet som dokumentasjonen har vore lagra i
- korleis analoge arkiv har blitt konverterte til digitalt format.
Organa skal gi opplysningane i Nasjonalarkivets digitale skjema eller applikasjonar for avlevering.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01