§ 27. Mottak og godkjenning av arkivpakker
Nasjonalarkivet skal kontrollere og godkjenne arkivpakker frå statlege organ.
Nasjonalarkivet kan nekte å godkjenne ei arkivpakke eller delar av henne dersom
- uttrekket ikkje inneheld den avtalte dokumentasjonen
- feil eller manglar i uttrekket kjem av feil ved sjølve produksjonen av uttrekket
- den tekniske skildringa av uttrekket er feilaktig eller ufullstendig
- skildringane av dokumentasjonen som skal avleverast, er feilaktige eller ufullstendige
- andre krav som er fastsette i denne forskrifta eller i avtale, ikkje er oppfylte.
Om ei arkivpakke frå eit statleg organ ikkje blir godkjent, må organet produsere ei ny arkivpakke med dei endringane som trengst for å oppfylle krava etter § 26. Nasjonalarkivet skal destruere arkivpakka som ikkje blei godkjent.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01