§ 29. Krav til uttrekk av strukturert informasjon frå databasar
Uttrekk av strukturert informasjon frå databasane til statlege organ skal bestå av ei eller fleire datafiler i eit av følgjande filformat:
- Comma-separated-values (CSV), som spesifisert i IETF RFC 4180
- Extensible Markup Language (XML) versjon 1.0
- Java Script Object Notation (JSON), som spesifisert i ISO/IEC 21778
- Software Independent Archiving of Relational Databases (SIARD) versjon 2.1.1 eller 2.2.
Eit organ kan avtale med Nasjonalarkivet å bruke andre filformat enn dei som er nemnde i første ledd.
Dokumentasjon som er lagra som Large Objects (LOBs) i databasar, skal eksporterast som separate datafiler i uttrekket.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01