§ 32. Krav til tekniske skildringar av uttrekk
Statlege organ skal gi Nasjonalarkivet tekniske skildringar av uttrekk som skal avleverast til Nasjonalarkivet. Skildringane skal gjere det mogleg for Nasjonalarkivet å lese data og datastrukturar slik dei er lagra i uttrekket.
Organet skal gi opplysningar om
- korleis den indre strukturen i uttrekket er, mellom anna korleis samanhengen mellom datafiler og innhald er
- korleis data i uttrekket skal tolkast og presenterast
- kva filformat datafilene i uttrekket er lagra i.
Organet skal gi dei tekniske skildringane som ein del av arkivpakka eller i Nasjonalarkivets digitale skjema eller applikasjonar for avlevering.
Dei tekniske skildringane skal vere maskinleselege og leselege for menneske.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01