§ 41. Tilgang for organ til arkiv som er avleverte til Nasjonalarkivet
Dersom eit organ treng det for å kunne løyse oppgåvene sine, skal organet få tilgang til
- arkiv som organet har avlevert til Nasjonalarkivet
- opplysningar som organet har skapt eller motteke i eit system for felles oppgåveløysing
- arkiv som er avleverte av forgjengaren til organet
- opplysningar som organet hadde lovfesta rett til hos eit anna organ før arkiva blei avleverte.
Eit organ som har rett til tilgang etter første ledd bokstav a, kan i særlege høve få låne analoge arkiv frå Nasjonalarkivet. Organet skal sikre materialet like godt som ein bevaringsinstitusjon gjer det. Materialet må ikkje lånast ut til andre utan samtykke frå Nasjonalarkivet.
Når Nasjonalarkivet gir tilgang til avleverte arkiv, skal kostnadene dekkjast av det organet som får tilgang.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-17-2647
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7c8debfccabcc2a1ce56547cf947c6f954b4fc249d166e9c2bec8bb21a7b627a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01