Når Nasjonalarkivet handsamar ein søknad om kassasjon av enkeltopplysningar, skal det gjere ei samla vurdering av
kor belastande lagringa av opplysninga er for den registrerte
om den registrerte eller andre vil ha behov for opplysninga no eller i framtida
om kassasjonen vil føre til tap av annan viktig informasjon enn dei opplysningane som søknaden gjeld
kor mykje arbeid kassasjonen krev.
Den registrerte og det handsamingsansvarlege organet har rett til å klage på avgjerda frå Nasjonalarkivet om kassasjon av enkeltopplysningar. Departementet er klageorgan.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.