§ 6. Unntak frå kravet om dobbel strafflegging
Kravet til dobbel strafflegging skal på vilkår som nemnde i arrestordreloven § 7 tredje ledd første punktum ikkje gjelde for desse handlingane:
- deltaking i ein kriminell organisasjon
- terrorisme
- menneskehandel
- seksuell utnytting av barn og framstilling av seksuelle overgrep mot barn
- ulovleg handel med narkotiske og psykotrope stoff
- ulovleg handel med våpen, ammunisjon eller sprengstoff
- korrupsjon
- bedrageri, medrekna bedrageri som råkar dei økonomiske interessene til Det europeiske fellesskapet etter konvensjonen 26. juli 1995 om beskyttelse av De europeiske fellesskaps økonomiske interesser
- kvitvasking av utbyte frå straffbare handlingar
- pengefalsk, medrekna av euroen
- datarelatert kriminalitet
- miljøkriminalitet, medrekna ulovleg handel med trua dyreartar, planteartar og plantevariantar
- tilrettelegging for ulovleg innvandring eller ulovleg opphald
- drap
- grov kroppsskade
- ulovleg handel med organ, vev og liknande frå menneske
- kidnapping, ulovleg fridomskrenking og gisseltaking
- rasisme og framandfrykt
- organisert eller væpna ran
- ulovleg handel med kulturgjenstandar, medrekna antikvitetar og kunstverk
- svindel
- innkreving av vernepengar og utpressing
- forfalsking og piratomsetnad av produkt
- forfalsking av administrative dokument og handel med desse
- forfalsking av betalingsmiddel
- ulovleg handel med hormonpreparat eller andre vekstfremjande stoff
- ulovleg handel med kjernefysisk eller radioaktivt materiale
- ulovleg omsetnad av stolne køyretøy
- valdtekt
- påsetting av brann
- brot som fell innunder domsmakta til Den internasjonale straffedomstolen
- kapring av fly eller skip
- sabotasje.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2019-10-18-1388
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 0e62d08d42dace24d51c2af98fd42ce7b5ad6e3ad4fe6d7ca100b87dc38f981b
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2019-11-01