§ 24. Samfunnstryggleik og beredskap

Følgjande dokumentasjon om samfunnstryggleik og beredskap skal takast vare på for ettertida:

  1. dokumentasjon som gjeld dei overordna, lovpålagde oppgåvene kommunen eller fylkeskommunen har i samband med samfunnstryggleik og beredskap på ulike fagområde
  2. beredskapsplanar og risiko- og sårbarheitsanalysar for kommunen, dokumentasjon som gjeld deltaking i regionale og nasjonale beredskapsøvingar og annan dokumentasjon som gjeld kommunen si rolle i den nasjonale beredskapen og oppgåver etter sivilbeskyttelsesloven
  3. risiko- og sårbarheitsanalysar for utbyggingsområde og annan dokumentasjon som viser korleis fylkeskommunen og kommunen tek hand om samfunnstryggleiken i kommunal og regional planlegging
  4. dokumentasjon som gjeld etablering og utvikling av styringssystemet for tryggleik og beredskap i kommunen og fylkeskommunen
  5. dokumentasjon som gjeld tryggleiksrapportering internt i kommunen eller fylkeskommunen og til regionale og nasjonale tilsynsmakter.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2025-12-19-2729
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b9075c03c898109e6ba56ad434c3b92d129fc701cbbefa7fda1f1ac7ed2232b6
Rendererversjon
8
I kraft
2026-01-01
Siste endring i kraft
2026-01-07