§ 33. Tilsette i kommunen eller fylkeskommunen
Følgjande dokumentasjon om dei tilsette i kommunen eller fylkeskommunen skal takast vare på for ettertida:
- stillingssøknaden frå den som blir tilsett, brev om tilsetjing og arbeidsavtale, klage på tilsetjing
- dokumentasjon om kompetanseutvikling som har noko å seie for løns- og tilsetjingstilhøva til den tilsette
- dokumentasjon om løn, godtgjeringar og permisjonar som har noko å seie for pensjonstilhøva til den tilsette
- dokumentasjon om oppfølging i samband med sjukemelding dersom saka er har noko å seie for dei langvarige teneste- og pensjonstilhøva til den tilsette
- dokumentasjon som gjeld yrkesskadar og oppfølging etter yrkesskadar
- dokumentasjon som gjeld omplassering, tenestepåbod og fortrinnsrett
- dokumentasjon om reaksjon mot den tilsette knytt til utøving av tenesta dersom saka fører til rettsleg prøving eller får konsekvensar for tilsetjingstilhøvet
- dokumentasjon om avslutning av arbeidstilhøve.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2025-12-19-2729
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- b9075c03c898109e6ba56ad434c3b92d129fc701cbbefa7fda1f1ac7ed2232b6
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-01-01
- Siste endring i kraft
- 2026-01-07