§ 10

Den handlande skal føre protokoll godkjent av politiet, over alle mottekne ting. Dette gjeld anten tingen er motteken mot vederlag eller ikkje.

Protokollen skal førast kronologisk og skal til ei kvar tid vere à jour. Mottekne ting skal straks påførast eit nummer, med tilsvarande nummer i protokollen.

I protokollen skal det vere særskilde rubrikkar for

  1. nummer på tingen
  2. dato for når tid tingen er motteken
  3. tydeleg merking og forklaring av tingen (medrekna eventuelt identifikasjonsnummer), og kor mange, storleik, mengd og vekt
  4. namn og adresse til den personen tingen er motteken frå, og rubrikk for å føre inn kva for legitimasjon som er framvist og merknad om at denne er funnen i orden, jf. § 9 andre ledd.

Politiet kan gjere unntak frå føresegnene i første, andre og tredje ledd.

Politiet kan vidare påleggje bestemte handlande, blant anna handlande som driv handel med visse typar av ting, å ta inn i protokollen opplysningar også om salet (dato, kjøparen sitt namn og adresse, innkjøpspris, omkostningar ved utbetring og salspris, og at kjøpars legitimasjon er lagt fram og funnen i orden).

Endra ved forskrift 20 nov 2006 nr. 1269 (i kraft 1 jan 2007).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1999-12-22-1379
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
d94615d5eb98
Innholdshash (XML)
0b6f968f7c44a8324d9ab73b7371d0a0ce5e1ddc3a6e5739dbe4d35d436fc8f8
Rendererversjon
8
I kraft
2000-01-01
Siste endring i kraft
2024-07-01