Kulturdepartementet delegerer med dette ansvaret for oppfølging av § 8 første og andre ledd i forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste til Språkrådet. Dei aktuelle føresegnene lyder som følgjer:
Vedtak i kommunestyre eller fylkesting etter § 5, første leddet, i lov om målbruk i offentleg teneste skal meldast til Kultur- og vitskapsdepartementet. Ajourførte lister over slike målvedtak blir tekne inn i Norsk Lovtidend og Norsk lysingsblad to gonger for året. Nye målvedtak får ikkje rettslege verknader for statsorgan før dei er kunngjorde på denne måten.
Kultur- og vitskapsdepartementet kan fastsetje nærmare reglar om kunngjeringsmåten.
Målvedtaka er i dag kunngjorde ved at KUD har fastsett ei slik liste i forskrifts form som forskrift 1. april 2007 nr. 378 om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Denne forskrifta er elektronisk tilgjengeleg hos Lovdata.
Delegeringa av desse oppgåvene inneber at Språkrådet får fullmakt til å endre og oppheva den gjeldande forskrifta og til å fastsetja ny forskrift, om ein finn det tenleg. Språkrådet har ansvar for at slike endringar blir melde til Lovdata og kunngjorde i Norsk Lovtidend. Språkrådet vil få eit ansvar for å henta inn opplysningar om målvedtak i samband med endringane i kommune- og fylkesstruktur som kjem dei komande åra.
Departementet meiner denne oppgåva heng naturleg saman med dei tilsyns- og informasjonsoppgåvene etter mållova som frå før er delegerte til Språkrådet.
Departementet legg til grunn at Språkrådet utfører oppgåva innanfor gjeldande økonomiske og administrative rammer.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.