{
 "canonical_id": "sf-20170310-0313",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/delegering-av-mynde-til-statsforvaltarene-etter-inndelingslova/",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": null
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "4f900495fc6831076e6967f3693b7ed8136dd5da4a457d452bae19bbcf9cf487",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "3e26c04d963bb174413676ba334292c16402c226325f5e485d943c6333e803ff"
 },
 "ref_id": "forskrift/2017-03-10-313",
 "schema_version": "1",
 "slug": "delegering-av-mynde-til-statsforvaltarene-etter-inndelingslova",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2017-03-10",
  "last_change_in_force": "2021-06-22",
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "\n# Delegering av mynde til statsforvaltarene etter inndelingslova\n\nKommunal- og moderniseringsdepartementet delegerer til statsforvaltaren mynde til å ta følgjande avgjerder:\n\n1. Statsforvaltaren kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering dersom området har mindre enn ti prosent av innbyggjarane i ein kommune som skal leggjast til ein annan kommune etter andre ledd bokstav b, jf. [inndelingslova § 3](lov/2001-06-15-70/§3) tredje ledd.\n2. Statsforvaltaren treff vedtak i mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing, jf. [inndelingslova § 6](lov/2001-06-15-70/§6). Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.\n3. Statsforvaltaren fastset kommunegrenser (på land og i sjø), jf. [inndelingslova § 7](lov/2001-06-15-70/§7). Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.\n4. I dei sakstypane statsforvaltaren har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter [inndelingslova § 6](lov/2001-06-15-70/§6) og [§ 7](lov/2001-06-15-70/§7), avgjer statsforvaltaren, jf. [inndelingslova § 9](lov/2001-06-15-70/§9), om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter [inndelingslova § 8](lov/2001-06-15-70/§8).\n5. Statsforvaltaren kan avvise søknad frå ein som ikkje har initiativrett, jf. [inndelingslova § 9](lov/2001-06-15-70/§9), andre ledd.\n6. I dei sakstypane statsforvaltaren har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer statsforvaltaren om utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane, jf. [inndelingslova § 11](lov/2001-06-15-70/§11).\n7. Statsforvaltaren kan bestemme at den nye kommunen skal følgje krava til godkjenning og kontroll i kommuneloven § 60 nr. 1 og 2 dersom kommunen ikkje kan ventast å dekkje inn meirforbruket frå før samanslåinga innan to år, jf. [inndelingslova § 16a](lov/2001-06-15-70/§16a).\n8. Statsforvaltaren kan gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte etter inndelingslova § 25 i dei tilfella det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre.\n9. Statsforvaltaren er mottakar av fråsegn frå fellesnemnda om årsbudsjetta og økonomiplanar for kommunane, jf. [inndelingslova § 26](lov/2001-06-15-70/§26), tredje ledd.\n10. Statsforvaltaren kan gjennomføre lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. [inndelingslova § 28](lov/2001-06-15-70/§28).\n11. [Vedtak 19. april 2007 nr. 422](forskrift/2007-04-19-422) om delegering av mynde til statsforvaltarene etter inndelingslova blir oppheva.\n\n> **Endra** ved vedtak [22 juni 2021 nr. 2120](forskrift/2021-06-22-2120).\n",
 "title": "Delegering av mynde til statsforvaltarene etter inndelingslova",
 "type": "forskrift"
}
