§ 11. Vitnemål – Karakterutskrift
- HLB skriv ut vitnemål med fullført utdanningsprogram.
Karakterutskrift vert gitt på anmodning frå studenten for delar av studiet.
Enkeltfag/kurs kan ikkje strykast frå karakterutskrifta.
- Kvar kandidat får normalt eit vitnemål. Dersom kandidaten forbetrar karakterar som inngår på vitnemålet, kan han/ho krevje å få nytt vitnemål. Det gamle vitnemålet må då leverast tilbake.
- I særlege tilfelle der det er sannsynleg/dokumentert at vitnemålet har forsvunne, kan det lagast nytt vitnemål.
- Vitnemålet skal gje opplysningar om:
- Kva utdanning som er gjennomført - Kva tittel som er oppnådd - Namn på fag/kurs med avsluttande vurdering - Tidspunkt (semester/år) for dei enkelte fag/kurs som inngår i studiet - Tidspunkt (md./år) for fullført utdanning - Kva fag kandidaten har fått fritak for/godkjenning på grunn av tidlegare utdanning, og kva utdanning som er grunnlaget for fritaket/godkjenninga - Tittel på større skriftlege arbeid - Karaktersystem som vert nytta
Deleksamen som inngår i ei større samansatt evaluering i eit fag/kurs skal normalt ikkje spesifiserast på vitnemålet.
Karakterutskrift skal uavkorta slå fast alle eksamenar ein student har avlagt ved høgskulen. Dette gjeld også deleksamen og praksis som skal inngå i ein større, samansett evaluering på vitnemålet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2007-08-31-1133
- Hentet
- 2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
- Kilderevisjon
- e38f55194e74
- Innholdshash (XML)
- 5a3def7347e99773b7d399e8016bc350a05f17353faee65adda0d74352a31ee9
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2007-08-31