§ 6. Fritak for eksamen eller prøve

  1. Styret kan gje fritak etter innstilling frå faglærar. Avgjerda kan klagast til styret si klagenemnd.
  2. Fritak for eksamen eller prøve skal gå fram på vitnemål og karakterutskrift. Grunnen til fritak skal førast på.
  3. Søknad om fritak for eksamen eller prøve skal vere innlevert minst seks veker før aktuell eksamen. Ein student får fritak frå eksamen i eit eller fleire emne som inngår i et studium når det dokumenterast at tilsvarande eksamen tidligare er avlagt ved høgskulen eller ved annen institusjon for høgare utdanning. Vilkår er at studenten er tatt opp til det studiet som godkjenninga skal inngå i, og at tidligare eksamen i omfang og innhald dekker eit eller fleire emne i den studieplan som studenten følgjer. Ein ev. søknad om fritak behandlast og besvares innan to veker. Jf. lov om universitet og høgskuler § 3-5.
  4. Om det arrangerast eksamen i emnet reduserast studieavgifta med kr 1000,- ved eit ev. fritak.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2007-08-31-1133
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
e38f55194e74
Innholdshash (XML)
5a3def7347e99773b7d399e8016bc350a05f17353faee65adda0d74352a31ee9
Rendererversjon
8
I kraft
2007-08-31