Forskrift om frådrag i sjømannsskatt ved aksjesparing.
Med heimel i lov 21. mars 1947 nr. 2 om skattlegging av sjømenn § 4 nr. 1 bokstav a siste punktum har Finans- og tolldepartementet fastsett 15. desember 1982:
I
- Sjømann kan krevja frådrag i sjømannsskatten når han i trekkåret har kjøpt part i aksjefond som gjev rett til skattefrådrag etter skattelova § 44 ellevte leden nr. 3.
- For slikt frådrag gjeld:
1. Parten i fondet må tilhøyra sjømannen eller ektemaken. 2. Frådraget må vera større enn den skatten og medlemsavgifta til folketrygda som sjømannen betaler same året av inntekt i land. 3. Sjømannen kan ikkje krevja frådraget før likninga er ferdig for same inntektsåret.
- Direktoratet for sjømenn gjev nærare reglar om korleis skipnaden med frådrag skal verta gjennomførd.
II
Desse forskriftene tek til å gjelda med det same og får verknad første gongen for sjømannsskatt som vert trekt i 1982.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/1982-12-15-1787
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- d536e2cd0ffdd51d8aa09565c2e800268da2e46371ca5489dbb0b65e5fc49e26
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 1982-12-15