§ 3-4. Karakterskala
Vurderingsuttrykket ved avsluttande vurdering, eksamen, prøve, sensur av oppgåve eller anna vurdering skal være bestått/ikkje bestått eller ein gradert skala med fem trinn frå A til E for bestått og med F for ikkje bestått. Følgjande kvalitative forklaringar gjeld for dei ulike karaktertrinna:
| Karakter | Nemning | Generell, ikkje fagspesifikk omtale av vurderingskriteria |
|---|---|---|
| A | Framifrå | Framifrå prestasjon som klart utmerkjer seg. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
| B | Svært god | Svært god prestasjon. Kandidaten viser svært god vurderingsevne og sjølvstende. |
| C | God | Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten viser god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
| D | Nokså god | Ein akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten viser ei viss grad av vurderingsevne og sjølvstende. |
| E | Tilstrekkeleg | Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten viser lita vurderingsevne og sjølvstende. |
| F | Ikkje greidd | Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten viser både manglande vurderingsevne og sjølvstende. |
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2017-06-15-1044
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 912c4b05b4636a18fed8729776699da40cec75337355d6a2dee33cf4db15e8be
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2017-07-01