§ 1-4. Bortvisning og utestenging

(1) Ein student som tross skriftleg åtvaring frå rektor (etter fullmakt frå Styret), gjentekne gonger opptrer på ein måte som verker grovt forstyrrande for medstudentar sitt arbeid eller for verksemda ved institusjonen elles, kan etter vedtak frå Styret sjølv eller institusjonen si klagenemnd, visast bort frå nærare bestemte område ved institusjonen for inntil eit år. Dersom ein student etter skriftleg åtvaring frå Styret, ikkje respekterer slik bortvising, kan Styret sjølv eller institusjonen si klagenemnd utestenge han eller henne frå studiet i inntil eit år.

(2) Vedtak om bortvising eller utestenging vert treft etter styrevedtak med minst to tredjedels fleirtal. Vedtak om slik reaksjon kan påklagast av studenten etter reglane i forvaltningslova. Vedtak om bortvising kan påklagast til departementets særskilte klageorgan, jf. lov om universiteter og høyskoler § 4-8 (4).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2019-03-04-179
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
7de85447bac21e7d8c84ee6430d633504bd292f02739c59c00d299f4a1887b6a
Rendererversjon
8
I kraft
2019-03-04