(1) Student som har fullført utdanning på minimum bachelornivå ved annan akkreditert utdanningsinstitusjon, med eit fagleg innhald som dekker same faglege krav og innhald som kursa i 1. avdeling, kan etter søknad tildelast studieplass på BAS sitt masterstudium med oppstart direkte i 2. avdeling.
(2) Søknad om opptak direkte i 2. avdeling må sendast skriftleg til BAS innan 15. april, saman med dokumentasjon for bestått utdanning, motivasjonsbrev og portfolio. Søknaden vert handsama av ein eigen opptakskomité beståande av lærar- og studentrepresentantar.
(3) Studentar som er tatt opp direkte i 2. avdeling kan berre søkje ytterlegare godskriving eller fritak av eitt semester, tilsvarande 30 studiepoeng.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.