§ 4-1. Eksamen og eksamensformer
(1) Eksamen er den formelle vurderinga av det faglege nivået.
(2) Styret ved Bergen Arkitekthøgskole fastset prøveforma for den einskilde eksamen. Eksamen kan omfatte prosjektarbeid, skriftleg og/eller munnleg prøve, gjennomføring av øvingar, deltaking i seminar, ekskursjonar o.a. Opplysningar om innleveringskrav, vurderingskriterier og prøveform for den einskilde eksamen er satt inn i studieplan/kursplan.
(3) I 1. avdeling vert studentane formelt vurdert etter kvart år. Desse vurderingane kvalifiserer for å studera vidare ved BAS.
(4) I 2. avdeling er kvart semesterkurs å rekne som en eksamen og vert vurdert til Bestått/Ikkje bestått. Det siste semesteret, diplomsemesteret, vert avslutta med eksamen i sjølvformulert oppgåve.
(5) Eksamen er ei heilskapleg vurdering av haldning, innsats og resultat – underlagt dei følgjande 3 evalueringskriteria:
- Kunnskap – studenten sin viste kunnskap
- Ferdigheiter – Studenten si tilnærming til oppgåvene og arbeidsmetodane gjennom sjølvstendig, systematisk og kritisk resonnement.
- Generell kompetanse – studenten si faglege haldning og innstilling til arkitektur og arkitekten sin praksis i samfunn.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2019-03-04-179
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 7de85447bac21e7d8c84ee6430d633504bd292f02739c59c00d299f4a1887b6a
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2019-03-04