{
 "canonical_id": "sf-20180701-1139#paragraf-8",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-allment-tilgjengelege-dokument/paragraf/8/",
 "heading_id": "8",
 "language": "no",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-allment-tilgjengelege-dokument/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "c5a624a740711cbca5bb18e1195cb1de8d6bcf9240ccc13b5fb94e20cf0c0625",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "59f3844ee9c091fe5bd201baf231a98f3d627eafb514a7ef3f5e608ff7c72845"
 },
 "ref_id": "forskrift/2018-07-01-1139",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-allment-tilgjengelege-dokument",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2018-07-01",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "## § 8. Fordelinga av avleveringsplikta\n\nAvleveringsplikta skal delast mellom den som har produsert dokumentet og utgjevaren.\n\nEr eit dokument produsert i Noreg, skal den som har produsert det levere tre eksemplar og utgjevaren fire.\n\nUtgjevaren skal levere alle avleveringseksemplara dersom\n\n1. dokumentet er digitalt\n2. dokumentet er ei avis\n3. delar av dokumentet vert produsert av fleire produsentar\n4. utgjevaren har produsert dokumentet sjølv eller har fått det laga i utlandet.\n\nProdusenten skal levere alle avleveringseksemplara dersom utgjevaren er utanlandsk.\n\nImportøren skal levere alle avleveringseksemplara dersom både produsenten og utgjevaren er utanlandske.\n\nNasjonalbiblioteket kan fastsetje ei anna fordeling eller leggje heile avleveringsplikta på ein av dei leveringspliktige.\n",
 "title": "Fordelinga av avleveringsplikta",
 "type": "paragraf"
}
