Virke som blir behandla eller lagra slik at det blir uegna som ynglemateriale for insekt som kan gjere skade på skog, er unnteke frå § 12, dersom eitt eller fleire av følgjande tiltak er sett i verk:
Barking.
Lagring i vatn. Ved bunting må den delen av virket som ligg over vatn overrislast.
Overrisling.
Tildekking av velter. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga er dekt med f.eks. plastduk før insektsverming.
Veltesskrelling. Granvirke kan lagrast såframt dei 3 øvste virkeslaga blir kjørt bort eller barka etter insektsverming, men før 15. juli.
Behandling med godkjende preparat (insekticider). Godkjende preparat skal berre brukast i unntakstilfelle, og må ikkje påførast virke som skal fløytast, overrislast, lagrast i vatn eller trommelbarkast. Virke hogd før 1. mai må vere behandla innan denne dato. Seinare hogd virke må behandlast innan ei veke.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.