§ 3. Definisjonar

I denne forskrifta meiner ein med:

  1. ålmennfarlege smittsame sjukdomar; sjukdomar som er rekna opp i forskrifta 1. januar 1995 nr. 100 om allmennfarlige smittsomme sykdommer
  2. godkjend eigendel: beløpet pasienten betalar for poliklinisk helsehjelp, og som går inn i grunnlaget for frikort etter forskrift 18. desember 2020 nr. 2990 om egenandelstak § 1 fyrste leden bokstav b og f, jamfør § 2 nr. 2 og 3.
  3. pasientbetaling: betaling frå pasienten som nemnd i § 7, § 8 og § 9, og som ikkje går inn i grunnlaget for frikort etter forskrift 18. desember 2020 nr. 2990 om egenandelstak § 1 fyrste leden bokstav b og f, jamfør § 2 nr. 2 og 3.
  4. Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP): eining i spesialisthelsetenesta innanfor psykisk helsevern som yt poliklinisk helsehjelp til barn og ungdom.
  5. Psykiatrisk ungdomsteam (PUT): eining som yt poliklinisk helsehjelp ved rusavhengnad.
  6. Overgrepsmottak: spesialisthelseteneste som særskilt yt tilbod til personar som har vorte utsett for seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar.
  7. Statens barnehus: statleg tilbod til barn og ungdom, og voksne som er særskilt sårbare, når det er mistanke om at dei kan ha vore utsette for, eller vore vitne til, vald eller seksuelle overgrep.

Endra ved forskrifter 19 des 2018 nr. 2166 (i kraft 1 jan 2019), 18 des 2020 nr. 2991 (i kraft 1 jan 2021).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2016-12-20-1848
Hentet
2026-08-01T06:26:11.637345+00:00
Kilderevisjon
3dbd8029f5d3
Innholdshash (XML)
b8096a7176bcdfc9a29de80a0c495047e5ea0eed54bb229bf37528499c23fe47
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-01
Siste endring i kraft
2026-08-01