(1) Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8B-2 fjerde leden, jf. § 8B-3 første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 første leden første punktum, jf. fjerde punktum.
(2) Krav om kommunefordeling etter første leden må framsetjast innan 9. februar 2001. Kravet skal sendast til Skattedirektoratet med kopi til dei berørte kommunar eller eigar av kraftanlegget. Dersom krav ikkje vert framsett, skal heile eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegget tilordnast den kommune der kraftverket ligg.
(3) Skattedirektoratet fastsett fristar og dokumentasjonskrav mv. for rapportering av naudsynte opplysningar frå eigar av kraftanlegga om kostpris og plassering av særskilte driftsmiddel i kraftanlegga som skal gå inn i fordelingsgrunnlaget. Ved manglande eller mangelfull rapportering av slike opplysningar, vert kommunefordelinga basert på skjøn.
Endra ved forskrift 9 des 2016 nr. 1474 (i kraft 1 jan 2017).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.