Forskrift om ettergjeving.

§ 1.

Tilskotsgjeld kan etter søknad frå den tilskotspliktige ettergjevast helt eller delvis dersom den tilskotspliktige si framtidige evne til å betale gjelda er varig sterkt sett ned.

§ 2.

Full ettergjeving av tilskotsgjeld etter § 1 kan gjevast, dersom den tilskotspliktige si varige årlege bruttoinntekt er lågare enn 75 ganger forskotsbeløpet på søknadstidspunktet. Det skal takast omsyn til tilskotspliktige si formue før gjelda vert sett ned etter reglane i første punktum.

§ 3.

Tilskotsfuten tek avgjerd om ettergjeving etter søknad frå tilskotspliktige. Tilskotsfuten kan ettergje både offentleg og privat gjeld. Tilskotsfuten skal vise varsemd ved ettergjeving av privat gjeld. Partane skal høyrast før tilskotsfuten ettergjev privat gjeld. Tilskotsfuten sitt vedtak kan klagast inn for næraste overordna organ eller det organ som Arbeids- og velferdsdirektoratet bestemmer.

Endra ved forskrift 31 mai 2006 nr. 617 (i kraft 1 juli 2006).

§ 4.

Foreldra kan ikkje ettergje det barnet har til gode. Etter fylte 18 år kan barnet sjølv ettergje sitt tilgodehavande utan omsyn til forskrifta her.

§ 5.

Forskrifta her tek til å gjelde 15. november 1992.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/1992-10-13-762
Hentet
2026-04-29T11:20:30.048320+00:00
Kilderevisjon
3d499af6bbf5
Innholdshash (XML)
47018f147dca9b1a05bbf6cc0b0f45958f809c1a32d85faa9ca6d65dcc09d8f4
Rendererversjon
8
I kraft
1992-11-15
Siste endring i kraft
2006-07-01