§ 28. Kvalifikasjonskrav og bemanning
Førar skal vere minst 20 år og ha
- fritidsskippersertifikat (D5L)
- helseerklæring for fritidsskipper som skal fornyast kvart tredje år
- SRC-sertifikat
- minst 150 timar dokumentert fartstid på tilsvarande fartøytype
- godkjent tryggleiksopplæringskurs for sjøfolk på mindre skip
- gjennomgått tryggleiksfamiliarisering og intern tryggleiksopplæring som sikrar forsvarleg handtering av personar om bord i naudssituasjonar.
For kvar redningsflåte om bord, med unntak av den eller dei redningsflåtane som er i reserve, skal det i tillegg til førar vere minst eitt besetningsmedlem som har opplæring som nemnt i første ledd bokstav e.
Reiarlaget skal fastsetje ei bemanning som er tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg drift av fartøyet og tryggleiken til alle personar om bord ved normal drift og i ein naudssituasjon. Bemanninga skal vere tilstrekkeleg til å handtere segl og rigg utan hjelp frå andre personar om bord. Personar som er ein del av bemanninga, skal oppfylle krava i første ledd bokstav f.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2022-09-21-1627
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 49742d4ff9c2f76afee1fcef2089c0b7bcd25cf67140515170efb8c5a104b2da
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2022-10-01