Der barnet sjølv har ei årleg inntekt på meir enn 30 gonger auka forskott per månad etter forskotteringslova, skal meirinntekta til barnet reknast inn i den proporsjonale fordelinga av underhaldskostnadene. Når barnet er sjølvforsørgt, skal tilskot ikkje fastsetjast. Eit barn skal reknast for sjølvforsørgt når det har ei årleg inntekt på minst 100 gonger auka forskott per månad.
Endra ved forskrifter 17 des 2015 nr. 1734 (i kraft 1 jan 2016), 20 des 2016 nr. 1945 (i kraft 1 jan 2017).
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.