§ 3. Krav til fysisk sikring av lokala og uteområda i krisesentertilbodet
Følgjande tiltak skal ligge føre:
- Porttelefon og overvakingskamera ved dør
- Sikre dører med sikkerheitslås
- Sikra vindauge som berre kan opnast og låsast innanfrå
- Innbrotsalarm
- Skjerma innsyn til krisesenteret frå gateplan og nærområde.
Kommunen må gjere risikovurderingar og vurdere om følgjande tiltak bør ligge føre:
- Utvida inngangsparti eller sluse ved inngang til krisesenteret
- Oversiktleg og skjerma åtkomst med lys og rørslesensorar tilpassa bygningstype og lokalisering
- Oversiktleg, opplyst og skjerma uteområde. Uteområde tilrettelagt for brukarar bør vere utforma slik at uynskt inntrenging ikkje er mogleg
- Hærverkshemmande eller innbrotssikre sikkerheitsglas.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2017-03-07-282
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- 88ab7fe877495a221735125dfc3b8bdf4d4a10698554acfa8005f811ef6acc27
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2017-03-08