Samanslåing av to eller fleire sjøtrygdelag kan finna stad ved at trygdingane saman med aktiva og passiva vert førte over til det sjøtrygdelaget som skal halda fram.
Avtale om samanslåinga og endringar i vedtektene i denne samanhengen må for å vera gyldige vedtakast med det fleirtal av røystene som er fastsett i § 23, første leden, og tek ikkje til å gjelda før dei er godkjende av Forsikringsrådet.
Når eit sjøtrygdelag vil føra alle eller nokre av sine beinveges trygdingar over til eit anna trygdelag eller en annan trygdingsskipnad, kan overføringa ikkje setjast i verk før Trygderådet har gjeve lov til det.
Eit sjøtrygdelag kan ikkje taka atterhald i trygdevilkåra eller vedtekta om at laget skal kunna fri seg for ansvar med å føra trygdingane sine over til ein annan trygdingsskipnad.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.