Berre lagsmøtet kan gjera vedtak om at eit sjøtrygdelag skal løysa seg opp friviljugt, eller om at heile eiga skal førast over til eit anna trygdelag. Vedtaket gjeld ikkje utan det har slikt røystefleirtal som er fastsett i § 23, 1. leden. Styret syter for at vedtaket straks vert meldt til Trygderådet, og rådet avgjer korleis avskipinga skal setjast i verk.
Når det er gjort vedtak om å løysa laget opp, må det ikkje taka nye trygdingar og ikkje nya oppatt gamle trygdingar.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.