§ 12. Tilbaketrekking og retting av avhandling
(1) Eit arbeid som er levert kan ikkje trekkjast tilbake før det er endelig avgjort om det er verdig til å forsvarast for doktorgraden.
(2) Kandidaten kan likevel søka fakultetet om få retta formelle feil i avhandlinga etter innlevering. Med søknaden skal kandidaten leggja fram ei fullstendig oversikt over alle feil (errata) han/ho ynskjer å retta. Søknaden må leverast inn seinast fire (4) veker før komiteen sin frist for å levera innstillinga. Det kan berre søkast ein gong. Dersom komitéen har fått kortare frist enn tre månadar på å levera innstillinga, kan fristen kortast forholdsmessig ned.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2018-06-19-1186
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- ea88a70e91efb8f4f724e19785b3e5f735bc3a427eaeea00b5305c328c9a25c2
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2018-08-01