§ 15. Innstilling

(1) Komiteen gir innstilling til fakultetet på grunnlag av avhandlinga og eventuelt tilleggsmateriale, jf. § 13. Det skal gå fram av innstillinga om arbeidet er verdig til å forsvarast for doktorgraden eller om ho bør underkjennast. Innstillinga og eventuelle dissensar skal vera grunngitte.

(2) Komiteen kan anbefala at fakultetet gir høve til ei mindre omarbeiding før endeleg innstilling vert vedteken. Komiteen skal i slike tilfelle gi ei konkret, skriftleg, oversikt over kva kandidaten må omarbeida.

(3) Dersom fakultetet tek tilrådinga til følgje, jf. § 16 tredje ledd, skal kandidaten få ein frist for omarbeiding på inntil tre månadar. Det skal fastsetjast ein ny frist for komiteen si endelige innstilling. Kandidaten kan ikkje klaga over eit vedtak om høve til omarbeiding.

(4) Dersom komiteen finn at det er nødvendig med djuptgripande endringar når det gjeld teori, hypotese, materiale eller metode for å kunna gi tilråding om disputas, skal komiteen gi innstilling om underkjenning av avhandlinga.

(5) Fakultetet skal senda kopi av innstillinga til kandidaten. Når innstillinga er samrøystes negativ, ved dissens, og når komiteen anbefaler at kandidaten skal få gjera ei mindre omarbeiding, skal han/ho få høve til å komma med skriftlege merknader med ein frist på ti arbeidsdagar. Dersom kandidaten ikkje ynskjer å fremja merknader, skal han/ho så raskt som mogeleg melda skriftleg frå til fakultetet om det.

(6) Dersom det vert vurdert nødvendig for å opplysa saka, skal fakultetet senda eventuelle merknader til komiteen med ein kort frist for tilbakemelding.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-06-19-1186
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ea88a70e91efb8f4f724e19785b3e5f735bc3a427eaeea00b5305c328c9a25c2
Rendererversjon
8
I kraft
2018-08-01