§ 19. Forsvar av avhandlinga

(1) Når doktoranden har halde prøveførelesinga og fått ho godkjend, skal han/ho forsvara avhandlinga i offentleg disputas. Tid og stad for disputasen skal offentleggjerast minst ti arbeidsdagar på førehand saman med opplysningar om korleis avhandlinga er offentleggjort.

(2) Disputasen skjer på avhandlingsspråket eller norsk med mindre fakultetet godkjenner noko anna.

(3) Det skal normalt vera to opponentar. Fakultetet peikar dei ut av og mellom medlemmene av komiteen. I særlege tilfelle kan fakultetet nemna opp opponentar som ikkje har vore medlemmer av komiteen.

(4) Disputasen vert leia av dekan eller den han/ho gir fullmakt. Den som leier disputasen, gjer kort greie for innleveringa og vurderinga av avhandlinga og for prøveførelesinga. Deretter gjer doktoranden greie for siktemålet med og resultatet av den vitskaplege undersøkinga. Første opponent innleier diskusjonen, og andre opponent avsluttar disputasen. Fakultetet kan fastsetja ei anna rekkefølgje og oppgåvefordeling mellom opponentane og mellom doktoranden og første opponent. Andre som er til stades og som ynskjer å opponera ex auditorio, må gi melding om dette til leiar for disputasen innan det tidspunktet leiar fastset og kunngjer ved opninga av disputasen.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-06-19-1186
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ea88a70e91efb8f4f724e19785b3e5f735bc3a427eaeea00b5305c328c9a25c2
Rendererversjon
8
I kraft
2018-08-01