§ 9. Arbeid som ikkje vert godtekne

(1) Ein kandidat kan ikkje levera eit arbeid eller deler av eit arbeid som har vore godteke som grunnlag for tidlegare eksamenar, med mindre arbeidet er ein mindre del av ei avhandling med fleire arbeid som heng saman. Data, analysar eller metodar frå tidlegare gradar kan likevel brukast som grunnlag for prosjektet.

(2) Arbeid som er publiserte meir enn åtte år før levering kan ikkje vera del av avhandlinga. Fakultetet kan dispensera frå dette dersom heilt ekstraordinære forhold tilseier det.

(3) Ei avhandling som har vore vurdert / er levert til vurdering ved ein annan lærestad kan ikkje leverast.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2018-06-19-1186
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
ea88a70e91efb8f4f724e19785b3e5f735bc3a427eaeea00b5305c328c9a25c2
Rendererversjon
8
I kraft
2018-08-01