{
 "canonical_id": "sf-20240905-2677#paragraf-11",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda/paragraf/11/",
 "heading_id": "11",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "8c85545bf9f8752d2d651be605b7d9e24fb59cb297130388bb8aea38540cce0f",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-09-05-2677",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-10-01",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 11. Meldeplikt om arbeidsresultat som har potensial for næringsmessig utnytting\n\n(1) Regulering av rettar mellom samarbeidande institusjonar skal fastsetjast i ein eigen avtale.\n\n(2) Gjeldande regelverk ved Høgskulen skal danne utgangspunkt for kva meldeplikt ph.d.-kandidatar med tilsetjing ved Høgskulen har for arbeidsresultat med næringsmessig potensial.\n\n(3) For ph.d.-kandidatar med ekstern arbeidsgjevar skal tilsvarande meldeplikt nedfellast i avtale mellom Høgskulen, ph.d.-kandidaten og den eksterne arbeidsgjevaren.\n\n(4) For ph.d.-kandidatar utan ekstern arbeidsgjevar, skal tilsvarande meldeplikt nedfellast i opptaksavtalen mellom Høgskulen og ph.d.-kandidaten.\n",
 "title": "Meldeplikt om arbeidsresultat som har potensial for næringsmessig utnytting",
 "type": "paragraf"
}
