§ 24-4. Krav ved fellesgrader og cotutelle

(1) Det kan ikkje gjerast unnatak for kvalifikasjonskrav for opptak, krav om at avhandlinga skal vere offentleg tilgjengeleg og krav om offentleg disputas med ein habil vurderingskomité.

(2) Ved avtalar om fellesgradssamarbeid og cotutelle kan rektor dispensere frå forskrifta dersom det er naudsynt av omsyn til regelverket ved dei samarbeidande institusjonane. Slike unnatak skal, både einskildvis og samla, framstå som fullt ut forsvarlege ut frå dei faglege kvalitetskrava som vert stilt til ein tilsvarande ph.d.-grad ved Høgskulen.

(3) Avtalar om fellesgrad og cotutelle må som eit minimum regulere opptak, finansiering, opplæringsdel, rettleiing, opphald ved institusjonane, rapporteringsplikt, språket i avhandlinga, form på avhandlinga, vurdering, gradstildeling, vitnemål og rettar til resultat. Avtalen vert underteikna av rektor. Ph.d.-utdanninga ved samarbeidsinstitusjonen må også ha eit omfang av tre års normert studietid. Kandidaten må takast opp ved begge institusjonane.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-09-05-2677
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
Rendererversjon
8
I kraft
2024-10-01