§ 5-5. Opptaksvedtak
(1) Doktorgradsutvalet gjer vedtak om opptak basert på ei samla vurdering av søknaden.
(2) Opplæringsdelen av studiet vert godkjent i samsvar med retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet.
(3) I vedtak om opptak skal det peikast ut minst ein rettleiar, avtaleperioden skal vere fastsett med start- og sluttdato og ein plan for studiet. Startdato er også lik startdato for finansiering.
(4) Søknad om opptak kan verte avslegen dersom:
- avtalar med ekstern tredjepart hindrar offentleggjering og offentleg forsvar av avhandlinga
- immateriellrettslege avtalar er så urimelege at Høgskulen ikkje bør medverke i prosjektet
- finansiering ikkje er sikra for heile perioden.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2024-09-05-2677
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2024-10-01