(1) Kandidaten og Høgskulen kan gjensidig avtale at ph.d.-utdanninga vert avslutta før avtalt tid. Ved slik friviljug avslutting skal det lagast ein eigen avtale som avklarar korleis spørsmål rundt tilsetjingsforhold, finansiering, rettar til resultat o.l. skal ordnast.
(2) Om kandidaten vil avslutte ph.d.-utdanninga på grunn av ynske om å endre tema eller å byte til eit anna ph.d.-program, skal kandidaten søkje nytt opptak på grunnlag av det nye temaet. Eventuell ekstern finansieringskjelde må godkjenne endring av tema.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.