{
 "canonical_id": "sf-20240905-2677#paragraf-8-1",
 "canonical_url": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda/paragraf/8-1/",
 "heading_id": "8-1",
 "language": "nn",
 "links": {
  "parent": "https://lovspor.no/forskrift/forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda/"
 },
 "provenance": {
  "renderer_version": 8,
  "representation_hash": "c71ec552bfe95aadf4b9133bf9f184285bc291256a17df10f8fff3831a4e4653",
  "retrieved_at": "2026-07-30T18:17:57.344275+00:00",
  "source_revision": "a2fba06569b8c38bc6677ec5fa6470367167dad0",
  "xml_hash": "d40b1864adc84b3d9b976b729d64fbb5d46c9c1a061bb3a4bdfce3b24600a7b0"
 },
 "ref_id": "forskrift/2024-09-05-2677",
 "schema_version": "1",
 "slug": "forskrift-om-graden-philosophiae-doctor-ved-høgskulen-i-volda",
 "source": {
  "dataset": "gjeldende-sentrale-forskrifter",
  "license": "NLOD 2.0",
  "license_url": "https://data.norge.no/nlod/no/2.0",
  "provider": "Lovdata",
  "statement": "Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form."
 },
 "temporal": {
  "date_in_force": "2024-10-01",
  "last_change_in_force": null,
  "note": "Current corpus state; not an applicability-at-date determination.",
  "status": "current"
 },
 "text": "### § 8-1. Føremål, innhald og omfang\n\n(1) Ph.d.-utdanninga skal vere lagt opp slik at ho skal kunne fullførast innafor normert tidsramme.\n\n(2) Doktorgradsutvalet har ansvar for at opplæringsdelen, saman med avhandlingsarbeidet, gjev utdanning på høgt fagleg nivå og i samsvar med internasjonal standard, med gjennomføring av eit vitskapleg arbeid, trening i fagleg formidling og innføring i forskingsetikk, vitskapsteori og vitskapleg metode. Opplæringa skal saman med forskingsarbeidet verke til å oppnå forventa læringsutbytte i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket.\n\n(3) Opplæringsdelen skal ha eit samla omfang på minst 30 studiepoeng. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet kan fastsetje større omfang enn minimumskravet. Det kan også fastsetjast krav til obligatoriske emne i opplæringsdelen. Element som skal gå inn i opplæringsdelen kan normalt ikkje vere eldre enn to (2) år ved opptaksdato.\n\n(4) Høgskulen er ansvarleg for å gje alle ph.d.-studentar tilbod om opplæring på høgt vitskapleg nivå. Retningslinjene for det einskilde ph.d.-programmet gjer greie for opplæringsdelen og kriteria for godkjenning. Om Høgskulen ikkje arrangerer heile opplæringsdelen sjølv, skal det leggjast til rette for at kandidaten kan ta del i tilsvarande opplæring ved ein annan institusjon som gjev godkjend ph.d.-utdanning.\n\n(5) Kurs på doktorgradsnivå ved ein annan institusjon skal godkjennast når dei fyller dei faglege krava i opplæringsdelen, i samsvar med reglane i [lov om universiteter og høyskolar § 9-1](lov/2024-03-08-9/§9-1).\n",
 "title": "Føremål, innhald og omfang",
 "type": "paragraf"
}
