Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

§ 1. Formålet med forskrifta og kva forskrifta gjeld

Forskrifta skal leggje til rette for at barn og ungdom i Longyearbyen får god opplæring i eit trygt og godt skolemiljø. Forskrifta skal også bidra til at norske svalbardpolitiske mål kan oppfyllast.

Forskrifta gjeld grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring innanfor Longyearbyen arealplanområde.

§ 2. Ansvaret til Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring etter § 4.

Longyearbyen lokalstyre kan drive vidaregåande opplæring, jf. § 5.

Longyearbyen lokalstyre er ansvarleg for at reglane i denne forskrifta blir oppfylte.

§ 3. Grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Berre Longyearbyen lokalstyre kan drive grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring innanfor Longyearbyen arealplanområde.

§ 4. Rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Barn har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når barnet truleg skal vere i Longyearbyen i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Longyearbyen og foreldra har meldt frå til Longyearbyen lokalstyre. Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Longyearbyen i seks månader i samanheng.

Barn med behov som går ut over plikta til Longyearbyen lokalstyre etter § 6 første ledd bokstav f og § 7, og som derfor ikkje kan få eit forsvarleg utbytte av opplæringa ved Longyearbyen skole, har ikkje rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen. Ei avgjerd etter regelen her er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er klageinstans.

§ 5. Rett til vidaregåande opplæring i Longyearbyen

Ungdom i Longyearbyen som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har same rett til vidaregåande opplæring som dei ville hatt i Fastlands-Noreg. Retten kan oppfyllast gjennom vidaregåande opplæring i Longyearbyen eller gjennom vidaregåande opplæring på norsk fastland etter reglane i opplæringslova.

Longyearbyen lokalstyre kan fastsetje forskrift med vilkår for inntak til vidaregåande opplæring ved Longyearbyen skole, blant anna krav om bustadadresse i Longyearbyen, krav om språkkunnskapar og at det ikkje er behov for individuell tilrettelegging av opplæringa. Inntaksvilkåra må vere objektive, ikkje-diskriminerande og dei må kunne etterprøvast.

§ 6. Reglar i opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen

Desse reglane i opplæringslova gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen:

  1. kapittel 1
  2. kapittel 2, med avgrensinga som følgjer av §§ 4 og 7 i forskrifta her
  3. §§ 3-1 første og andre ledd, 3-2 første og fjerde ledd, 3-6 første ledd første punktum og andre ledd, 3-7
  4. § 4-7
  5. §§ 5-2 og 5-3
  6. § 5-4, men Longyearbyen lokalstyre kan gjere nødvendige og forsvarlege justeringar i fag- og timefordelinga
  7. §§ 5-6 og 5-8
  8. § 6-1
  9. kapittel 7
  10. § 9-5
  11. kapittel 10, med unntak av §§ 10-5 andre ledd andre punktum og 10-9
  12. kapittel 11, med unntak av § 11-12, og berre for grunnskoleopplæringa med avgrensinga i § 7 i denne forskrifta
  13. kapittel 1217
  14. § 22-5
  15. §§ 24-1, 24-3, 24-4 og 24-5
  16. kapittel 25, med unntak av § 25-2
  17. kapittel 27
  18. § 28-8
  19. kapittel 29.

Oppgåver som etter opplæringslova eller forskrifter til lova er lagde til kommunen eller fylkeskommunen, skal liggje til Longyearbyen lokalstyre. Oppgåver som etter opplæringslova eller forskrifter til lova er lagde til statsforvaltaren, skal liggje til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Statsforvaltaren skal føre tilsyn i samråd med Sysselmeisteren på Svalbard.

Når statsforvaltaren behandlar klage over enkeltvedtak, skal saka leggjast fram for Sysselmeisteren til uttale om svalbardfaglege omsyn. Statsforvaltaren skal leggje stor vekt på uttalen frå Sysselmeisteren i vurderinga av saka.

Endra ved forskrift 20 juni 2025 nr. 1134 (i kraft 1 aug 2025).

§ 7. Avgrensa rett til individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Elevar med behov for mindre eller moderat tilrettelegging av opplæringa har rett til individuell tilrettelegging, jf. opplæringslova §§ 11-1 til 11-11 og § 11-13, med dei avgrensingane som følgjer av regelen her.

I vurderinga av om eleven har rett til individuell tilrettelegging, skal det blant anna leggjast vekt på

  1. det samla behovet eleven har for tilrettelegging og tenester for å kunne ta del i opplæringa og oppnå eit forsvarleg utbytte av ho
  2. i kva grad tilrettelegginga vil vere kostnadskrevjande
  3. påverkinga på opplæringstilbodet til andre elevar
  4. at skolen ikkje skal kompensere for andre tenestetilbod som ikkje finst og reglar som ikkje gjeld i Longyearbyen.

Elevar har berre i særlege tilfelle rett til éin-til-éin-undervisning eller ein dedikert personalressurs, for eksempel lærar, assistent eller spesialpedagog. Elevar har ikkje rett til slik tilrettelegging i meir enn ein avgrensa del av opplæringa og i ein kortare periode.

Retten til individuell tilrettelegging er elles avgrensa av den kapasiteten og kompetansen som Longyearbyen lokalstyre rår over.

§ 8. Forskrifter etter opplæringslova som gjeld for opplæring i Longyearbyen

Desse reglane i opplæringsforskrifta gjeld for grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen:

  1. §§ 1-1, 1-2 andre ledd, 1-5 til 1-9, 1-10 og 1-11, men berre for opplæring i og på samisk og forsterka opplæring i norsk, § 1-12
  2. § 3-1, men slik at vilkåret i § 3-1 første ledd bokstav c er at dei er registrerte med opphaldsadresse på Svalbard i Befolkningsregisteret for Svalbard den 30. dagen før røystemøtet, § 3-2
  3. § 4-1, med unntak av første ledd bokstav c
  4. §§ 5-1, 5-3, 5-6, 5-8, 5-10 og 5-11
  5. kapittel 6, med unntak av §§ 6-20 til 6-24
  6. kapittel 7
  7. kapittel 9, men slik at unntaka i samband med trafikkopplæring og førarprøve i §§ 9-8 andre ledd bokstav h og 9-53 fjerde ledd ikkje gjeld
  8. kapitla 10 til 12
  9. kapitla 18 til 20
  10. kapittel 23.

Endra ved forskrifter 20 juni 2025 nr. 1134 (i kraft 1 aug 2025), 7 nov 2025 nr. 2217.

§ 9. Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft 1. august 2024. Samstundes blir forskrift 17. juni 2022 nr. 1044 om grunnskoleopplæring og videregående opplæring i Longyearbyen oppheva.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2024-06-21-1103
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
b3e03eaa8661b615ad9cb34ab1801cd18735047d7121b394662f344166048645
Rendererversjon
8
I kraft
2024-08-01
Siste endring i kraft
2025-11-07