Forskrifta gjeld krav til bachelorgrad ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar.
Bachelorgrada vert tildelt på grunnlag av eksamenar som til saman omfattar minimum 180 studiepoeng.
Grunnlaget for bachelorgrada er:
Studieprogram som vert godskrivne i grad må ikkje ha ei overlapping i sitt faglege innhald på meir enn 10 studiepoeng.
Det kan verta gitt fritak frå eksamen eller prøve som inngår i grunnlaget for bachelorgrada dersom tilsvarande krav er oppfylt gjennom tidlegare avlagt eksamen eller prøve avlagt ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar eller anna utdanningsinstitusjon (jf. lov om universiteter og høyskoler § 3-5).
For oppnådd bachelorgrad vert det utskrive vitnemål på norsk. Vitnemålet skal visa det faglege innhaldet i grada. På vitnemålet skal eksamenskarakter frå alle eksamenane vera påført.
Eit eige vitnemålstillegg (Diploma Supplement) skal gi informasjon på engelsk av kandidaten si utdanning og av det norske høgre utdanningssystemet.
For å kunne tildela ei bachelorgrad med vitnemål frå Høgskulen for landbruk og bygdenæringar må eksamenar med eit omfang på minimum 120 studiepoeng vera avlagde ved høgskulen.
Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter denne forskrifta § 2 nr. 1 vert utskriven automatisk til dei kandidatane som oppfyller krava.
Vitnemål for oppnådd bachelorgrad etter denne forskrifta § 2 nr. 2 vert utskriven etter søknad. Søkjaren må sjølv dokumentera at krava er oppfylte.
Styret for Høgskulen for landbruk og bygdenæringar kan fastsetja utfyllande vilkår/retningsliner til denne forskrifta.
Forskrifta trer i kraft straks.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.