§ 3-6. Opptaksgrunnlag for mastergradsutdanning
(1) For opptak til mastergrad gjeld forskrift til universitets- og høyskoleloven kapittel 2 og eventuelle nasjonale rammeplanar som er fastsette i forskrift.
(2) Spesifikke krav til fagleg grunnlag og faglege minstekrav for den enkelte utdanninga blir fastsett av styret i studieplanen, jf. forskrift til universitets- og høyskoleloven §§ 2-6 og 2-7.
(3) For opptak til ein mastergrad med eit omfang på 120 studiepoeng må eit av følgjande utdanningsløp vere fullført eller bestått:
- bachelorgrad (minimum 180 studiepoeng)
- cand.mag.-grad
- annan grad eller yrkesutdanning av minimum 3 års omfang
- utdanning som i samsvar med uhl. § 9-3 er godkjend som jamgod med ovannemnde gradar eller utdanningsløp.
(4) Innanfor grunnlaget for opptak må eit av følgjande inngå:
- Fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av eit omfang på minimum 80 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
- Integrert yrkesretta utdanning av eit omfang på minimum 120 studiepoeng innanfor eit fagområde som er relevant for mastergraden. Dette skal gå fram av studieplanen.
(5) Andre opptakskrav som er fastsette i studieplanen for masterprogrammet, må vere oppfylte.
(6) For mastergradsutdanningar som har opptakskrav om minst gjennomsnittskarakter C, må søkaren ha eit vekta gjennomsnitt på 2,5 tilsvarande 25,00 karakterpoeng for å oppfylle kravet.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2026-06-10-1052
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- d72779cdaaf7813fbce3d869accc2d811798c5ef04ae2893c901ddb29a21dde4
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-08-01