§ 8-4. Ikkje bestått praksis

(1) Dersom det er tvil om studenten vil oppnå læringsutbytet og få bestått praksisperioden, skal studenten ha eit skriftleg varsel så tidleg som mogleg i praksisperioden. Fristar for eit slikt varsel kan vere gitt i nasjonal rammeplan eller forskrift for den einskilde utdanninga.

(2) Praksisperioden kan vurderast til «ikkje bestått» ved manglande oppfylling av krav om obligatoriske aktivitetar eller deltaking.

(3) Dersom studenten utvilsamt underpresterer med omsyn til læringsutbytet i emnet og dette blir tydeleg i andre halvdel av praksisperioden eller etter det tidspunktet studenten normalt hadde fått skriftleg varsel, jf. første ledd, kan studenten utan varsel få praksisen vurdert til «ikkje bestått».

(4) Dersom studenten i praksisperioden har vist handlingar eller åtferd som utgjer ei fare for liv, fysisk eller psykisk helse for dei som studenten er i kontakt med, eller ved andre klanderverdige forhold som skyldast studenten, kan praksisperioden avbrytast utan varsel. Praksisperioden kan i desse tilfella bli vurdert til «ikkje bestått» og blir rekna som eit forsøk.

(5) Ved ikkje bestått praksis skal høgskulen og praksisstaden vurdere om det er grunnlag for å sende tvilsmelding når studenten går på eit studieprogram underlagt skikkavurdering, jf. uhl. § 12-3 og forskrift til universitet- og høyskoleloven kapittel 7.

(6) Studenten har ikkje klagerett på vedtak om ikkje bestått praksis eller praksisstudium, jf. uhl. § 11-10 fjerde ledd.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2026-06-10-1052
Hentet
2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
Kilderevisjon
a2fba06569b8
Innholdshash (XML)
d72779cdaaf7813fbce3d869accc2d811798c5ef04ae2893c901ddb29a21dde4
Rendererversjon
8
I kraft
2026-08-01