§ 9-5. Eksamensforsøk
(1) Det er ikkje høve til å framstille seg til eksamen i same emne meir enn tre – 3 – gonger ved Høgskulen i Volda. Avgrensinga gjeld også ved nytt opptak før det er gått tre år etter siste eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 4-1 (4). For praksis har studenten to forsøk, jf. denne forskrift § 8-6.
(2) Eit forsøk er teljande dersom studenten
- har bestått eksamen
- trekkjer seg etter at fristen er gått ut, eller under eksamen, jf. denne forskrift § 9-4
- ikkje møter til eksamen
- ikkje leverer eksamen innan fristen
- ikkje leverer bachelor- eller masteroppgåve innan ordinær frist eller utsett frist
- får karakteren F eller ikkje bestått
- får eksamen annullert på grunn av fusk eller forsøk på fusk.
(3) Gyldig fråvær blir ikkje rekna som eit teljande eksamensforsøk, jf. denne forskrift § 9-6.
(4) Når eksamen ikkje er bestått etter tre forsøk, jf. første ledd, kan høgskulen i særlege tilhøve gi dispensasjon for eit fjerde forsøk etter søknad frå studenten. Studieprogresjonen og dei faglege prestasjonane til studenten kan telje med i vurderinga av søknaden. Dersom studenten får innvilga eit fjerde eksamensforsøk, kan det stillast krav om at studenten må følgje undervisningsopplegget og gjennomføre obligatoriske læringsaktivitetar på nytt, jf. denne forskrift §§ 7-6 og 7-7.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2026-06-10-1052
- Hentet
- 2026-07-30T18:17:57.344275+00:00
- Kilderevisjon
- a2fba06569b8
- Innholdshash (XML)
- d72779cdaaf7813fbce3d869accc2d811798c5ef04ae2893c901ddb29a21dde4
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2026-08-01