§ 5-5. Vurderingsgrunnlag
- Vurderingsgrunnlaget skal vere angitt i emnebeskrivinga.
- Lovens krav til upartisk og fagleg betryggande prøving av studentanes kunnskap og dugleik skal tilfredsstillast.
- Studentens kunnskapar og ferdigheiter skal bli vurdert opp mot læringsutbyttet og vere i tråd med oppgitt pensum og i samsvar med dei undervisnings- og arbeidsformane som er gitt i emnebeskrivinga.
- Deleksamen må godkjennast separat.
- Munnleg og praktisk eksamen skal vere offentleg med mindre hensynet til gjennomføring tilseier noko anna. Det kan gjerast unntak frå regelen om offentlegheit i enkelte tilfeller etter skriftleg søknad frå vedkommande kandidat når særleg tungtvegande grunner tilseier det.
- Prosjektarbeid som vert gjennomført i samarbeid med ekstern partner, kan vere underlagt fortrulegheitsbestemmingar. Dersom munnleg eksaminasjon i slike tilfeller inngår i vurderinga, kan det fattast vedtak om at eksamenssituasjonen ikkje skal vere offentleg.
- Varigheita av den enkelte eksamen skal vere angitt i eksamensplanen og emnebeskrivinga.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.
- Kilde
- Lovdata (gjeldende regelverk)
- Referanse
- forskrift/2017-03-14-324
- Hentet
- 2026-09-14T09:46:33.107190+00:00
- Kilderevisjon
- 7b080b8d8674
- Innholdshash (XML)
- 3ae14352509df6cbba7dfd678260d2d9e7b6613491e66053fc62a874eefe3b70
- Rendererversjon
- 8
- I kraft
- 2017-03-14