§ 5-8. Fusk ved eksamen

  1. Å presentere andres arbeid som sitt eige vil betraktast som fusk eller forsøk på fusk ved alle eksamensformer.
  2. Følgjende forhold vert betrakta som fusk eller forsøk på fusk ved eksamen som finn stad under tilsyn:

- å motta hjelp under eksamen - å besitte eller bruke hjelpemiddel som ikkje er tillatt etter at oppgaven er delt ut - å henvende seg munnleg eller skriftleg til andre eksaminander etter at oppgaven er delt ut.

  1. Ved heimeeeksamen og andre skriftlege arbeid vil kopiering, plagiering eller avskrift av emnelitteratur og eigne og andres arbeid utan kildehenvising, bli vurdert som fusk eller forsøk på fusk. Sjå også utfyllande bestemmingar om eksamen ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.
  2. Ved eksamensformer som opplesing, forestillinger og liknande, vil plagiering av andres idear og konsept vere å ansjå som fusk.
  3. Dersom det oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk ved eksamen under tilsyn, skal kandidaten straks gjerast oppmerksom på at forholdet vil bli rapportert. Kandidaten vel sjølv om han/ho vil fullføre eller avbryte eksamen.
  4. Kandidatar som er kjent skyldige i fusk eller forsøk på fusk ved eksamen, får karakteren i emnet annullert, og kan i tillegg utestengast frå høgskulen og fråtakast retten til å gå opp til eksamen ved høgre utdanningsinstitusjonar i inntil eitt år rekna etter endeleg vedtak i høgskulens styre (jf. lovens § 4-7 og § 4-8).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-03-14-324
Hentet
2026-09-14T09:46:33.107190+00:00
Kilderevisjon
7b080b8d8674
Innholdshash (XML)
3ae14352509df6cbba7dfd678260d2d9e7b6613491e66053fc62a874eefe3b70
Rendererversjon
8
I kraft
2017-03-14