lovspor

§ 10-1. Behandling av personopplysningar i det samordna opptaket

Institusjonane og den nasjonale opptakstenesta kan innhente opplysningar om namn, fødselsnummer eller d-nummer, arbeidserfaring og vitnemål og annan dokumentasjon på oppnådd kompetanse frå andre offentlege myndigheiter, offentlege system for vitnemål, statlege, fylkeskommunale og private utdanningsinstitusjonar, når formålet er å behandle søknad om opptak til utdanning ved universitet og høgskolar som deltek i det samordna opptaket etter universitets- og høgskolelova § 8-5.

Institusjonane og den nasjonale opptakstenesta kan ta avgjerder etter heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for den nasjonale opptakstenesta.

Endra ved forskrift 28 juni 2024 nr. 1392 (i kraft 1 aug 2024).

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-10-29T10:43:20.895400+00:00
Kilderevisjon
5956da80435f
Innholdshash (XML)
9084ba0a72bc70f110a026417261dd6825a38a7e1e61d1c15553421cc1a1809a
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26