(1) Søkjarar med 3-årig vidaregåande utdanning frå dei andre nordiske landa er kvalifiserte for opptak utan tilleggskrav i norsk når den vidaregåande utdanninga gir generelt opptaksgrunnlag til universitet og høgskular i dei respektive landa.
(2) Søkjarar som har utanlandsk utdanning frå land utanfor Norden, må dokumentere bestått utdanning på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, sjå også åttande ledd, og i tillegg dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk med éi av desse prøvene:
Norskprøver:
1. Bestått eller betre resultat i munnleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med avsluttande prøver i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum nivå B2 som resultat i alle tre delprøver. 2. Bestått eller betre resultat i skriftleg test frå test i norsk, høgare nivå («Bergenstesten»), saman med delprøve i munnleg kommunikasjon frå norskprøven (jf. pkt. 5 ovanfor) med minimum B2 som resultat.
Engelskprøver:
1. Minst 60 poeng på TOEFL iBT, eller 2. Minst 60 poeng på TOEFL iBT Home Edition, eller 3. Minst 500 poeng på papirbasert test
1. First certificate in English, eller 2. Certificate in Advanced English, eller 3. Certificate of Proficiency in English
1. English B2, eller 2. English B2-C1 University, eller 3. English certificate på C1-nivå
1. Certificate og Proficiency (ECPE) 2. Certificate of Competency in English (ECCE)
(3) Søkjarar som har fullført utanlandsk vidaregåande utdanning som ikkje er på nivå med norsk 3-årig vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse og ikkje kan dokumentere eitt års høgare utdanning jf. åttande ledd, kan få opptak når dei kan dokumentere å ha bestått og fullført fag i samsvar med § 2-1 første ledd.
(4) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) frå 2021 eller seinare, og som anten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgare nivå («higher level»), eller fyller kravet til norsk etter denne føresegna på andre måtar, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg
(5) Søkjarar som har utdanning frå International Baccalaureate (IB) fram til og med 2020, og som anten har teke norsk A eller norsk B på minst lågare nivå («standard level»), eller fyller kravet til norsk etter denne føresegna på andre måtar, fyller krava til generell studiekompetanse dersom dei i tillegg
(6) Universitetet eller høgskulen kan godta annan dokumentasjon av norskkunnskapar.
(7) Krava til norskkunnskapar gjeld ikkje for søkjarar som skal takast opp til framandspråklege utdanningsprogram, utdanningsprogram der samisk er undervisningsspråk, og for studentar som deltek i internasjonale utvekslingsprogram.
(8) GSU-lista gir ei oversikt over utanlandske utdanningar som kan kvalifisera for opptak til studium ved universitet og høgskular i Noreg. Lista er bindande ved opptak til høgare utdanning, jf. vedlegg I til denne forskrifta. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvaret for å føre og halda ved like denne lista.
Endra ved forskrifter 26 nov 2019 nr. 1580 (i kraft 1 jan 2020), 29 mai 2020 nr. 1132 (i kraft 15 juni 2020), 15 des 2020 nr. 2912 (i kraft 1 jan 2021), 16 des 2020 nr. 2916 (i kraft 1 jan 2021), 1 des 2021 nr. 3391 (i kraft 1 jan 2022), 2 feb 2023 nr. 134, 19 des 2023 nr. 2223, 19 des 2024 nr. 3488.
Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.