§ 3-6. Unntak frå kravet om generell studiekompetanse for opptak til enkelte kunstfag

Generell studiekompetanse skal framleis vere det normale kravet for opptak også for desse studia. Unntak frå kravet om generell studiekompetanse gjeld for søkjarar som fyller spesielle faglege krav fastsette av institusjonen ved opptak til desse utdanningane og/eller institusjonane (jf. § 4-1):

  1. Studium i utøvande og skapande kunst
  2. Studium i utøvande og skapande musikk
  3. Forfattarstudium
  4. Scenekunstutdanning
  5. Folkekunst og folkemusikk ved Universitetet i Søraust-Noreg
  6. Kunstfagleg utdanning ved Noregs teknisk–naturvitskaplege universitet og ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
  7. Studium i folkedans ved Noregs teknisk–naturvitskaplege universitet
  8. Studium i duodji 1 ved Samisk høgskole
  9. Studium i visuell kunst, film og tv, manus, lyddesign og Visual Effects ved Høyskolen Kristiania
  10. Studium ved Den norske filmskolen ved Universitetet i Innlandet
  11. Studium i manus – scenetekst og tv-drama ved NSKI Høgskole.

Endra ved forskrifter 30 jan 2018 nr. 137 (i kraft 1 feb 2018), 23 nov 2018 nr. 1767 (i kraft 1 jan 2019), 11 jan 2022 nr. 52 (i kraft 12 jan 2022), 29 nov 2022 nr. 2086 (i kraft 1 jan 2023), 19 des 2024 nr. 3488.

Inneholder data under Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0), tilgjengeliggjort av Lovdata. Informasjonen er transformert og strukturert av Lovspor og gjengis ikke i sin opprinnelige form. Lovspor er ikke offisiell kunngjøringskilde. Lisenstekst.

Kilde
Lovdata (gjeldende regelverk)
Referanse
forskrift/2017-01-06-13
Hentet
2026-09-09T08:55:12.118049+00:00
Kilderevisjon
14b6bb0de027
Innholdshash (XML)
b421920b94da388d7a5bb8207c7c2aca1782c49d8cee9458b0515d71e752d0ae
Rendererversjon
8
I kraft
2017-01-15
Siste endring i kraft
2026-02-26